Handlevogn

Close cart
Totalt NOK: 0,-
Frakt: 129,-
Totalt NOK inkl. frakt: 0,-
Kjøp for 600,- til for fri frakt
Har du en kupongkode?

Handlevognen din er tom

Bunadsliv - frå handsaum til industri

Bunadsliv - frå handsaum til industri

kr 380,-

Ny viktig bok fra SMØYG Forlag. 

Bunadsnæringa er ei stor næring og bunaden ein levande kulturarv, brukt og verdsett. Det store spørsmålet er korleis vi skal forvalte bunadsarven framover. 

Det er skreve mange bøker om bunader. Denne boka sett bunaden inn i eit samfunnsperspektiv der næring, utflagging, kunnskap, kvalitet, lokal identitet og bruk blir omtala og problematisert. Med dette utgangspunktet blir det tydeleg at det er fleire motstridande utviklingstrekk i bunadsarbeidet. Boka forsøkjer å famne dei overordna tema som er felles for arbeidet med bunader i heile Noreg. Det er ikkje ein total gjennomgang, men eit forsøk på ei breiare synliggjering av moglegheiter og utfordringar på bunadsfeltet. Sunnfjordbunadene blir brukte som døme på korleis samfunnstrendar og enkeltpersonar har påverka utviklinga og arbeid med folkedrakter og bunader. 

Forfatteren Åse Vigdis Festervoll har lang og brei erfaring frå kultursektoren. Ho har jobba med og for kultur i offentleg, frivillig og privat sektor og er oppteken av samarbeid på tvers av desse. Ho har gitt ut fleire bøker, publikasjonar og rapportar om tema som lokal kulturutvikling, frivillig kulturorganisasjonar, tilgang til lokale aktivitetar, kultur og helse, tradisjonshandverk med meir. Ho legg i prosjekta vekt på samtaler med og informasjon frå dei som har fagkunnskap på dei ulike områda. 

Boken er på 240 sider og er innbundet
Forfatter: Åse Vigdis Festervoll
Utgiver: SMØYG Forlag 2018
ISBN: 978-82-690744-3-7