Handlevogn

Close cart
Totalt NOK: 0,-
Kjøp for 600,- til for fri fraktfrakt 129,-

Handlevognen din er tom

Frå Versailles til Valdres

Frå Versailles til Valdres

kr 499,-

Beskrivelse

Frå Versailles til Valdres - Ei drakthistorisk reise

Draktskikken i Noreg har røter langt attende i tid og vidt utanfor landegrensene. I Frå Versailles til Valdres - Ei drakthistorisk reise forteller Magny Karlberg historia om folkedraktene i Valdres i lys av allmenn mote- og drakthistorie og kulturelle og samfunnsmessige endringar frå mellomalderen og fram til 1860-talet. Karlberg tek for seg det rike samspelet mellom motedrakt og folkedrakt, impuls og tradisjon. Er dei lokale draktskikkane berre fortolkningar av den europeiske rokokkomoten, eller også ei folkeleg uttrykksform med lange tradisjonar i gamle norske folkedraktområde? Kva er tradisjon, og kva er impuls?

Boka har Valdres som geografisk utgangspunkt, men endringar og utvikling i den folkelege draktskikken i dette dalføret råkar likt også i andre tradisjonsområde. Slik bidreg boka til ei utvida forståing av draktskikken i heile Noreg. Ho er rikt illustrert med over 500 fotografi og illustrasjonar av klede og draktdelar, kunstbilete og demonstrasjonar av påkledning.

Frå Versailles til Valdres - Ei drakthistorisk reise er ei etterlengta bok - for allment interesserte og for dei som vil gå djupare inn i drakt- og tekstilhistoria. Praktverket er eit resultat av 40 års forsknings- og dokumentasjonsarbeid og er eit viktig bidrag til fornya kunnskap om norsk drakthistorie.

Boken er på 400 sider.

Forfatter: Magny S. Karlberg

Forlag: Skald Forlag 2015

ISBN: 978-82-7959-227-3